Perfect Pop Records

Perfect Pop Records

POP63 – Firdaposten

FIREFLY EFFECT
”Try Again, Fail Again, Fail Better”

Plate nummer to frå bandet med utspring i den skranglete delen av Oslo sin musikkundergrunn. Og eg må berre innrømme at dette var ganske snålt. Ikkje musikken i seg sjølv. Men assosiasjonane eg får når eg høyrer den. Den bringar tankane over til eit band frå Brooklyn i New York, som hadde sin stordomstid frå 1978 til 1981. Og vart rekna som ein del av new wave/punk-bølgja med utspring i klubben CBGB’s i New York. (No eksisterer dei faktisk framleis etter å ha blitt gjenforeina i 2003. Men det blir ei anna historie. Ein annan stad.)

Grunnen til dette er den 60-tals kjensla som ligg over begge banda. The Shirts hadde ikkje så mykje med punk å gjere. Det var meir kunstrock. Med mykje bruk av orgel og ein bassgitar tydeleg til stades i lydbiletet. Som ein også høyrer hos Firefly Effect. Sjølv om sistnemnde i stemning ligg nærare Pink Floyd sin Syd Barrett-periode med naive og fengjande melodiar.

No har dei ikkje den same krafta i melodimaterialet som dei før nemnde banda.

Men det er fullt ut godkjendt.


Perfect Pop Records, Postboks 783 Sentrum, 0106 Oslo • perfectpop@perfectpop.no