Perfect Pop Records

Perfect Pop Records

POP59 – Groove

You Spider

The Jessica Fletchers

CD (2007) – Perfect Pop/Tuba

 groovepoint_ongroovepoint_ongroovepoint_ongroovepoint_ongroovepoint_ongroovepoint_offgroovepoint_off

‘oh yeah yeah yeah’

Dei har tatt namnet sitt frå ei gamal dame og er opphengt i tonar av eldre dato, men er friske som få.

Av Oddmund Berge

08.05.2007

Namnet skjemmer ingen, heiter det som kjent i eit eldgammalt ordtak. Mulig det, men denne Drammen-kvintetten gjorde i alle fall underteikna ein smule skeptisk for nokre år sidan med sitt namneval. Eg meinar, går det an å ha noko seriøst bra å komme med og samstundes ta namnet sitt etter den Miss Marple-inspirerte hovudpersonen i noko som sannsynlegvis var verdens kipaste krim-serie? Då eg ca eit år forseinka hanka inn The Jessica Fletchers sitt andre album, What Happened To The?, var eg ikkje i tvil om at svaret på det spørsmålet måtte bli ja.

Med hjertet fullt av tonar henta direkte frå den delen av 60-talet som vart annektert av band som Beatles, Monkees og Kinks, hoppa dei over det meste som låg i mellom og freste i mål med retro gravert i panna, men med nok eigenart og melodisk overskot til å kaste seg uti ein ny runde. På sitt tredje album, Less Sophistication, hadde dei meir av same slaget å by på. Men var ikkje rundetidene litt slakkare denne gongen? Vel, dette har dei tatt tak i og gjort noko med når dei no serverer sin fjerde full-lengdar.

Med You Spider har bandet gitt stoffet sitt ein ekstra garasjetrøkk. Samstundes som dei har dratt med seg nokre 80-tals postpunk-prinsipper på ein veg mot eit uttrykk som har noko litt meir desperat over seg, og som kanskje kan seiast å ligge nærare vår tidsånd enn kva tilfellet har vore før. Men sjølv om dei har justert uttrykket sitt ein smule, held dei seg stadig milevis unna sfærar der musikkrevolusjonar blir skapt, djupe filosofiske tankar blir tenkt, og dei store innovative grepa blir gjort. I staden kjem dei dansande frå dei uoriginale og pretensjonsfrie sitt hjørne, og fulle av kåtskap og speleglede berre skaper liv, liv, liv. Og ikkje så mykje meir.

Men i tilfellet Jessica Fletchers har eg ingen intensjonar om å stille krav om noko meir. Den lyse, og lett rufsete, røysta til Thomas Innstø kastar seg uti det, fri for hemningar og utan tankar om at det går an å bomme. Rytmikken driv tempofokusert og bastant, gitarane skjer og høgg i kvasse former, og broder Mats Innstø sender tidvis saftige, tidvis snurrige, keyboardstonar inn i systemet.

“Have you heard my baby’s moving” blir det heftig proklamert frå vokalisten si side, “oh oh oh” blir det (litt) trøystefullt respondert frå gjengen bak. Og mellom nye “oh oh”, “na na”, “la la” og catchy refreng blir det sunge om fleire jenter. Ho som drep flammen i ein, ho som trur ho lever i eit slott, og ho det ikkje nyttar å gje gode råd. Og så blir det sunge om han som elskar ei jente, eller som ikkje elskar ei jente, eller som ikkje blir elska av ei jente, eller som har ført ei jente i trøbbel, eller som er i trøbbel på grunn av ei jente.

Låtar som den stakkato og refrengsterke I Am the Spider og den eggande Fractions har noko dansbart, nesten litt Franz Ferdinandsk, over seg. Medan The Girl I’ve Been Waiting For er The Shins i ein garasje, og Don’t Try Me er inspirert og frodig soulrock. Kanskje kan ein halde imot dei at dei driv fram i eit litt vel likelydande mønster. Og at det blir 42 energiske minutt heilt utan dempande friminutt. Men kva skal ein eigentlig med eit meir variert mønster, når det valte mønsteret fungerer utmerka?

Og kva skal ein med friminutt når timen er ein fest?


Perfect Pop Records, Postboks 783 Sentrum, 0106 Oslo • perfectpop@perfectpop.no